dfd6886a-289f-4816-a432-69dbc2bbcd7d[1]

Folkeeventyret "Den kvite staven"

Strunkis 2011! På eventyr

Kvite staven er eit eventyr etter Andris E. Vang. Førestellinga er arbeidd fram under Strunkeveko og eventyret dannar såleis ei ramme for avslutningskonserten der alle dei 110 deltakarane på Strunkeveko deltek.

 «Kvite staven» avsluttar Strunkeveko
Eventyret «Kvite staven» er årets avslutningsførestilling på Strunkeveko fredag 29. juli på folkehøgskulen på Leira.
Kvite staven er eit eventyr skrive ned av Andris Eivindson Vang midt på 1800-talet. Det er på ein måte to historier, som kan tolkast på fleire vis. Mennesket er krona på skaparverket, hevdar nokon. Men kva gjer vi eigentleg for å fortene denne plassen? Kanskje er det dette eventyret handlar om.

Me møter i alle fall ein svikefull orm som meiner å vita at «alt godt skal ille lønast». Til å stadfeste dette får vi innsikt i komande livsavslutning for ei gamal, trufast merr og ei tidlegare gjev mjølkekyr, samt eit møte med ein rev som får vera domar i spørsmålet om det er slik som ormen seier; at alle gode gjerningar skal ille lønast. Alle dyra blir tatt vare på når mennesket har bruk for dei -og ikkje elles. Har dyr nokon eigenverdi for menneska eller berre nytteverdi? Reven har sin konklusjon på dette etter sitt møte med mennesket i eventyret.
 
Førestellinga på Leira fredag er arbeidd fram under Strunkeveko og eventyret dannar såleis ei ramme for avslutningskonserten der alle dei 110 deltakarane på Strunkeveko deltek. Førestellinga er eit kunstnarleg samarbeidsprosjekt mellom dei ulike gruppene på kurset denne veka og ei eigen samspelgruppe står også for det samtidsmusikalske bidraget gjennom eigenprodusert teatermusikk.
 
Andris Eivindsson Vang er truleg den viktigaste eventyrkjelda i Valdres, men eventyra og eventyrforma til Vang representerer også viktige aspekt i nasjonal samanheng som viser andre sider ved eventyrtradisjonen som er fråverande eller tona ned i den nasjonsbyggande tradisjonen etter Asbjørnsen og Moe. I eventyra til Vang møter vi menneskeleg meir farlege problemstillingar, som i Kvite staven, forma er meir samansett og kompleks og vi møter i stor grad eksotisk innslag som kongsdøtrer frå India og riddarar frå Engeland og Sør-Amerika. Nils Oddvar Bergheim har skrive ei hovudoppgåve om Vang som gir god innsikt i arbeidet til Vang.
 
Ingar Ranheim har laga manus basert på eventyret og Solveig Hårdnes og Ellen Persvold har regien.