Hovudside Strunkeveko Praktisk info
Facebook Instagram

Praktisk info

Her har vi samla stort og smått som er greitt å veta om opphaldet på Strunkeveko. I 2019 blir kurset arrangert på Merket for 4. gong, kursveka er 7.-12 juli! Påmeldingsfristen er 1. juni.

Påmelding og betaling

Påmelding til Strunkeveko skjer via Ticketco. Du finn kursa på denne sida under fana "påmelding"

Kursprisen for 2019 er 3500,- og søskenrabatten er på kr 500.–. Rabatten gjeld for alle søskena. Søskenmoderasjon: For å bruke søskenrabatten skriv du inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her" og trykker på "bruk kode".

NB: Rabatten skal bli synleg før du har betalt! 

I tillegg får alle elevar på Strunkeveko ei gratis påmelding til kappleiken under Hilmestemnet. Du må sjølv melde deg på til kappleiken. Nedre aldersgrense på Strunkeveko er 11 år og øvre aldersgrense er 24 år. 

Påmeldingsfristen for 2019 er 1. Juni. 

Ein del kurs blir fulle før påmeldingsfristen, og «fyrst til mølla»–prinsippet gjeld. Meld derfor på i god tid! Nokre gonger blir det ledige plassar, eller vi klarar å stokke om på kurskabalen slik at vi får plass til fleire. Dersom kurset du vil på er fullt er det viktig at du likevel melder frå til leiar@strunkeveko.no at du er interessert i å koma på kurs, så gjer vi det vi kan for å få plass til alle.

Det blir sendt ut informasjon som timeplan, pakkeliste etc. når påmeldingsfristen går ut. 

Ditt lokale folkemusikklag eller heimkommunen din kan vera lure stader å søkje om støtte til deltaking på Strunkeveko.   

Kvar er Strunkeveko?

Strunkeveko blir i 2019 arrangert på Merket i Tisleidalen. Ein kan køyre hit via riksveg 51, frå Hallingdalssida via Gol, eller frå Valdressida via Leira. Dersom du vil lese meir om Merket kan ein gå til heimsida deira: http://www.heiasentrene.no/heia-merket.5173013-286623.html

Skal du på Strunkeveko er buss eit godt tips både for komforten og miljøet. 

Valdresekspressen går til Leira frå Oslo, Fagernes, Beitostølen, Årdalstangen og Sogndal. Fleire bussruter, mellom anna frå Lillehammer/Gjøvik, Bergen og Gol, ligg på http://www.opplandstrafikk.no . På Opplandstrafikk finn du og info om buss vidare frå Leira til Tisleidalen (Fjellbu). 

 

Oppmøte og registrering

Oppmøte er mellom 17:00 og 19:00 sundag. Då blir det grilling før lærarkonserten. Når de kjem får de utdelt rom og informasjon. 

 

Innkvartering

De bur på to– og tre– of fire-mannsrom. Mange kjem med ynskjer om kven dei vil dele rom med og dette vil me prøve å ta omsyn til, men me kan ikkje garantere at inndelinga blir akkurat slik. De får vite kven de skal bu med når de kjem på sundagen.

Me har nattevakter i kvart av husa. Nattevaktene ser til at alle er på plass og at det er ro i husa på  natterstid. Alle deltakarar må sjølve ta med seg sengeklede (dynetrekk, putevar og laken), men det er også høve å leige på Merket. Det er fint om dei vaksne ser til at dette blir lagt på sengene fyrste kvelden.

Dersom du har allergi og må ha særskild diett, eller det er andre omsyn me skal ta, må du seie i frå innan 15. juni om du ikkje fekk gjort det i påmeldinga. 

 

Undervisning

I løpet av kursveka får du undervisning både i grupper og individuelt. På dei fleste kursa prøver me å dele inn gruppene etter nivå og alder, dette for å gje alle deltakarane eit best mogleg tilbod. I tillegg blir det høve til å spele til dans fleire gonger i løpet av veka, og alle deltakarane får eit innføringskurs i pardans.

 

Reglar

For at me skal ha ei god kursveke, har me nokre reglar som gjeld for alle deltakarane så lenge dei er på Strunkeveko:

• Ein må ikkje forlate Merket sitt området utan lov.
• All bruk av tobakk og alkohol er forbode.
• Alle skal vera på plass på sine eigne rom, og det skal vere stille i alle hus kl. 23.30 (Krullarkro, for dei som er født i 2005 før sluttar 01.00)
Ved brot på reglane risikerar elevane:
• At dei må ligge på rom med ei av nattevaktene
• At dei må ringe heim og fortelja kva dei har gjort.
• Ved stadige brot/grove regelbrot kan elevane bli heimsende.

 

Bilete frå Strunkeveko 

Me kjem til å ta bilete i løpet av kursveka. Desse bileta kan seinare bli nytta på nettsidene og i reklamemateriell/trykksaker. Dersom de vil reservere dykk i mot dette, må de sende beskjed via e-post i god tid før kursstart, eller fjerne markeringa for at du godtek bruk av foto i påmeldinga. 

 

Bading

Det vil bli organisert bading. Dette vil gå føre seg i grupper, og det vil vere med badevakter. For at elevane skal kunne vera med på badinga, treng me godkjenning frå foreldra. Det blir difor sendt ut "badelapp" i infoen som kjem etter at påmeldinga er avslutta.