Hovudside Strunkeveko Ministrunken – kvalitetskurs for dei yngste
Facebook Instagram

Ministrunken – kvalitetskurs for dei yngste

Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for todagarskurset «Ministrunken» for born i alderen 6–11 år. Påmeldinga til Ministrunken stenger 20.juni

Onsdag og torsdag (11.-12. juli) under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar/trekkspel på planen frå klokka 10 til 15.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til kursinga er det fleire fellesøktar med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar! 

Å vera med på Ministrunken kostar 800 kr, noko som inkluderar mat, instruksjon og konsertar.

Ikkje gamal nok til ministrunk? Fortvil ikkje! Frå 11:30-13:00 onsdag 11. og torsdag 12. juli står folkemusikalsk leik, dans, song og moro på timeplanen for dei i alderen 3-5 år.

 

 

Timeplan for Ministrunken 2018

 

- endringar kan førekome 

 

Onsdag 11. juli

09.45 – 10.00 Oppmøte og registrering

10.00 – 10.30 Presentasjon av lærarane / fellesdans

10.30 – 12.00 Instruksjon

12.00 – 12.30 Mat / frileik

12.30 – 13.00 Felles leik og aktivitet

13.00 – 14.30 Instruksjon

14.30 – 15.00 Konsert «Eventyrøya» med Johanne Flottorp og Sigrid Stubsveen

 

Torsdag 12. juli

10.00 – 10.30 Oppmøte og fellesdans

10.30 – 12.00 Instruksjon og minikurs-seljefløyte

12.00 – 12.30 Mat/frileik

12.30 – 13.00 Felles leik og aktivitet

13.00 – 14.00 Instruksjon og minikurs-seljefløyte

14.00 – 15.00 Avslutningskonsert, her er det elevane som held konserten! Teltet

 

 

Det var i 2017 totalt 45 deltakarar på Ministrunken, og det var kurs i fele, toradar, langeleik, hardingfele, dans og song. Har du spørsmål? Ta kontakt med leiar@strunkeveko.no