Hovudside Strunkeveko Lærarar 2018
Facebook Instagram

Lærarar 2018

Strunkeveko har som vanleg fått med seg eit stjernelag av lærarar! Les om lærarane og kva slags kurs dei skal ha her. Påmeldinga er no open!

Johanne Flottorp - Hardingfele 

Johanne Flottorp kjem frå Åmli i Agder, speler hardingfele og er utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Ho har gitt ut fleire CD-ar, mellom anna med gruppa Raabygg. Johanne speler i hardingfele klasse A og speler i hovudsak spel frå Agder og Telemark. Johanne er også musikalsk leiar i Bærum spelemannslag.

Kjellbjørn Karsrud - Hardingfele

Kjellbjørn Karsrud kjem frå Leira i Valdres, og er ein skikkeleg hardingfelenerd, med oversikt over det meste av låttar, spelemenn og kappleiksresultat. Kjellbjørn er A-klassespelemann på hardingfele og primus motor i spelemannslaget Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar. Her får elevane sjansen til å lære kule låttar frå Valdres!

Anne Hytta - Hardingfele fordjuping

Hardingfelespeler Anne Hytta kjem frå Sauland i Telemark. Anne er ein driftig musikar kjend frå mellom anna gruppene Slagr, Sogesong og ikkje minst som soloutøvar på hardingfele. Anne har i tillegg til tradisjonsmateriale frå Telemark også markert seg som ein nyskapar på hardingfele og Viola d´amore med ny musikk. Hytta speler i klasse A og har fleire topp-plasseringer frå landskappleikar i bagasjen. Ho har vunne både spelmannpris og folkelarmpris for musikken sin. 

Gunnlaug Lien Myhr - Song fordjuping

Gunnlaug Lien Myhr er ein nestor innan folkesong i Noreg. Gunnlaug var med i gruppa Tiriltunga, som på 80-talet var pionerar innan arrangert/fleirstemt kveding. Ho har også gitt ut bok med samling av 600 folkesongar frå Hallingdal!

Lajla Renate Buer Storli - Song

Lajla har vore lærar mange gonger på Strunkeveko, både i kveding og på hardingfele. I år har ho songkurs, og dei som skal ha ho kan glede seg! I 2013 gav ho ut plata Møya som drøymde, der ho syng middelalderballadar og speler låttar frå Hardanger og Voss.

Selma French Bolstad - Fele

Selma French Bolstad er eit folkemusikalsk stjernskot, ho går siste året av utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole. I tillegg til å beherske slåttespel på både fele og hardingfele, er Selma aktiv i fleire ulike band som bruker element frå både jazz og folkemusikk.

John Ole Morken - Fele fordjuping

John Ole Morken frå Ålen i Trøndelag har vore ein aktiv musikar i mange år, med fleire CD-utgjevingar, priser og samspelsprosjekt på samvitet. I det siste prosjektet sitt har han samla  228(!) slåttar i bok etter spelemannen Anders Haugen.

Einar Olav Larsen - Fele

Einar Olav Larsen kjem frå ein folkemusikalsk familie i Verdalen. Han vart tidleg kjend som ein virtuos og dyktig felespeler, og har vore musikar i eit utal prosjekt, alt frå Frigg, P.A Røstads orkester, Einar Olav Larsen trio og med bror Gjermund Larsen og TrondheimSolistene.

Simon Hesselberg Løvald - Halling

Simon Hesselberg Løvald er dansar i A-klassa i halling, og har instruert og har dansa framsyningar over heile Noreg og mange andre plassar i verda. Mest av alt har han vore sentral i framveksten av eit stort halling-miljø i Oslo, som instruktør for NU, dansegruppene på Norsk Folkemuseum og for hallinggruppene Nesodden Dansarlag og BULder og Brak

Martin Myhr - Halling

Martin Myhr er ein levande legende i folkemusikkmiljøet. Han har i lag med kona Gunnlaug bygd opp fleire gode ungdomsmiljø for folkemusikarar i Hallingdal, og har vunne A-klassa i halling heile 6 gonger! Martin Myhr har vore på Strunkeveko nesten alle år sidan oppstarten i 1998.

Stian Roland - Halling fordjuping

Stian Roland er ein dansar med eit stort spekter av stilartar og tradisjonar. Han har vore ein viktig skikkelse for å bygge opp både halling og pardansmiljø i Valdres, og har vunne landskappleiken i dans hardingfele klasse A fleire gonger.

Ulf Arne Johannessen - Halling fordjuping

Ulf Arne Johannessen er ein hallingdansar som er kjend for mange, med oppdrag i inn og utland i ein årrekkje, han vann landskappleiken i halling klasse A under landskappleiken på Røros. I tillegg er Uffe ein drivande god spelemann på einradar, og er også festivalsjef for folkemusikkveka på Ål.

Mads Erik Odde - Toradar/trekkspel

Mads Erik Odde frå Garmo i Lom har ein mastergrad i trekkspel frå Norges Musikkhøgskole. Han er kjend for mange i folkemusikkmiljøet frå Lendmen, Firo og sjølvsagt også som soloutøvar på trekkspel og toradar med fleire gode kappleiksresultat på landsfestival og landskappleik.

Knut Aastad Bråten - Langeleik

Knut Aastad Bråten kjem frå Valdres og har i lag med broren Ole vore med på å gje langeleiken eit løft. Knut har vunne kongepokal på landskappleik, og har toppa resultatlista på landskappleik heile 5 gonger i langeleik. Saman med bror Ole Aastad Bråten gav han i 2015 ut plata Til Ragna, der dei tek samspel på langeleik til eit nytt nivå.

Vegar Vårdal - Pardans

Vegar Vårdal er folkedansar og felespeler frå Oslo. Han har ein imponerande CV med mange utgjevingar på fele. Vegar er ein sentral person i folkedansmiljøet og har fått i stand folkedansline på Vinstra Vidaregåande skule knytt til folkemusikklinja og har gjeve verdifull kunnskap til mange folkedansarar til gjennom studiet Norsk Folkelig Dans.

Silje Onstad Hålien - Konsertproduksjon

Silje Onstad Hålien skal i lag med Andreas Skeie Ljones ha ansvaret for det nye kurset i konsertproduksjon. Ho har vore ein pådrivar og utviklar innan folkedansen dei siste ti åra både som koreograf, produsent og utvande dansar. Silje vart den fyrste kvinnelege hallingdansaren i klasse A då ho rykka opp i 2011. Saman med Andreas er ho primus motor i dansekompaniet Vilniss. Ho har blitt kåra til årets folkemusikar (2015) og er no aktuell som månadens artist på Riksscenen i Oslo.

Andreas Skeie Ljones - Konsertproduksjon

Andreas Skeie Ljones har i likskap med Silje Onstad Hålien vore ein nyskapar og utviklar i folkemusikken. I tillegg til utstrakt konsertverksemd er han tilsett som produsent med Riksscenen, den nasjonale scenen for folkemusikk og folkedans. Det er gledeleg å ha to ringrever som Andreas og Silje til å lose Strunkeelevane