Hovudside Strunkeveko
Facebook Instagram

Strunkeveko

Velkomen til Noregs største sumarkurs i folkemusikk og –dans for ungdom! 30. juli - 4. august 2017
 
Påmelding til kurset i 2017 er no open! 

Synes du det er lenge til Strunkeveko? Meld deg på ungdomssamlig på Brennabu 17.-19. Februar, sjå menyen til høgre.

Strunkeveko tilbyr kurs i alt frå torader og hardingfele til hallingdans og folkedansteater.
Her får du kyndig kursing av dei beste lærarane, fleire konsertar og ikkje minst eit stort og triveleg folkemusikkmiljø som varar livet ut. Både Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko blir i 2017 ei veke seinare enn det har vore tidlegare. Strunkeveko 2017 blir altså arrangert frå sundag 30. juli til fredag 4. august, før og under Jørn Hilme-stemnet. Slik har me lagt til rette for at de kan få med dykk ei fullpakka folkemusikkveke i Valdres. Skal du delta på Jørn Hilme-stemnet? Då er Strunkeveko ei kjempefin oppkøyring og øvingsarena

Noko du lurer på? Send ein e-post til leiar@strunkeveko.no!