dfd6886a-289f-4816-a432-69dbc2bbcd7d[1]

Folkeeventyret "Den kvite staven"

Strunkis 2011! På eventyr

Kvite staven er eit eventyr etter Andris E. Vang. Førestellinga er arbeidd fram under Strunkeveko og eventyret dannar såleis ei ramme for avslutningskonserten der alle dei 110 deltakarane på Strunkeveko deltek.
29. juli 2011
Felebilde

I lys av hendingane 22.juli...

Strunkeveko og Jørn Hilme- stemnet går som planlagt

Strunkeveko og Jørn Hilme- stemnet går som planlagt. Meldinga frå politiet er at det ikkje er nokon grunn til å avlyse i lys av hendingane 22. juli. Viktigare enn nokon gong er det no å halde saman og ta vare på kvarandre. Det skal me gjera både på Strunkeveko og Jørn Hilme- stemnet.
23. juli 2011
fotb-52

Velkommen...

Snart klart for Strunkeveko 2011

No har me kome til siste innspurten før Strunkeveko! Det er snart tid for å pakke fela og danseskoa, og komme til Leira...
19. juli 2011
trekkspill damer

Nytt kurs...!

"Folkemusikk i perspektiv"

I år har me ei nysatsning på Strunkeveko. Det er eit kurs som har fått namnet ”Folkemusikk i perspektiv”. Dette er eit kurs for dei eldste spel-elevane, frå 16-24år, som har spelt lenge og har blitt erfarne på sitt instrument og ynskjer eit breiare perspektiv.

2. mai 2011
Strunkeveko

Velkommen!

Strunkeveko 2011

Strunkeveko 2011 går føre seg frå 24. - 29.juli, som vanleg på Valdres Folkehøgskule på Leira.
Me ynskjer velkommen til alle gamle og nye strunkelever.
Me gleder oss!
27. februar 2011
Spor

Konsertar 2011

Konserten "Skjemt og alvor" sundag 24. juli klokka 19.30 med instruktørane på Strunkeveko er opningskonserten for heile 38 programpunkt under årets Jørn Hilme- stemnet og Strunkeveko.
27. februar 2011