Strunkeveko og Jørn Hilme- stemnet skal gå som normalt til tross av hendingane 22. juli. Me føler med dei som er ramma, men me ynskjer ikkje å la oss stoppe av dette. Som Statsminister Stoltenberg sa på pressekonferansen: "Det skal ikkje få øydeleggje oss!"
Me har vore i kontakt med politiet og dei ser heller ingen grunn til at me skal gjere noko anna enn det som var planlagt. Livet må gå vidare sjølv om forferdelege hendingar skjer.
Me skal sjølvsagt snakke om det som har skjedd både i morgon og utover i veka. Me skal være der og støtte kvarandre, og me vaksne skal sjølvsagt etter beste evne ta hand om elevane og sørgje for at dei føler seg trygge.
Om nokon treng å snakke med oss er de velkomne til å ringe på telefon 92 23 61 62 eller 61 36 46 71.