Hovudside Program Strunkeveko Storspel - Fordjuping i hardingfele
Facebook Instagram

Strunkeveko: Storspel - Fordjuping i hardingfele

søndag 08. juli, Merket i Tisleidalen
17.00 - 16.00 Kurs

Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskursa på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med. Fordjupingskurset på hardingfele i år går under tittelen storspel, og det vil bli jobba med å utvikle spelteknikken, og det verkelege storspelet. Årets instruktør er eminente Anne Hytta, med eit rikt slåttetilfang, og erfaring frå samspel og meir moderne hardingfelemusikk. Fordjupningskurset byr også på auka kunnskap rundt slåttespelet. 


Instruktør: Anne Hytta

Les om instruktørane under fana kurstilbod.

 

Detaljer for kjøp
Du vil få tilsendt timeplan og anna informasjon om Strunkeveko på e-post før 15. Juni. Det er derfor svært viktig at du oppgir rett e-postadresse.
Kva slags oppgåver kan du tenke deg å ta?
Kjøp