Hovudside Program Strunkeveko Fordjuping i hardingfele
Facebook Instagram

Strunkeveko: Fordjuping i hardingfele

søndag 07. juli, Merket i Tisleidalen
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
17.00 - 16.00 Kurs

Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskursa på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med. Fordjupingskurset på hardingfele i år går under tittelen storspel, og det vil bli jobba med å utvikle spelteknikken, og det verkelege storspelet. Årets instruktør er eminente Alexander Aga Røynstrand, med eit rikt slåttetilfang, med hovudvekt på spel frå Hardanger. Fordjupningskurset byr også på auka kunnskap rundt slåttespelet. 


Instruktør: Alexander Røynstrand 

Les om instruktørane under fana kurstilbod.