Hovudside Program Konsertar Valkyrien
Facebook Instagram

Valkyrien

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
22.00 Vis i kart Konsert

Valkyrien i amfiet!

Valkyrien er attende på museet, denne gongen i ei litt anna drakt enn tidlegare. Frå å vere ein rein hardingfeletrio då dei debuterte i 2007 har bandet utvikla seg til noko som dei sjølv hevdar ikkje kan forklarast, berre opplevast. Dei har heile tida markert seg ved å utfordre og utforske bruken av tradisjonelle instrument og gamal norsk musikk i eit kontemporært uttrykk. Konserten i sommar tek utgangspunkt i den siste plata deira, Prøv å si noe til meg nå, det femte albummet i rekkja. Publikum får høyre låter som er laga av Valkyrien sjølv, både tekst og musikk. Men, framleis kan ein høyre godt både feleslåttar og kveding, om ein følgjer med.  

Valkyrien består av Tuva Syvertsen på fele, hardingfele og sang, Erik Sollid på fele, hardingfele, mandolin og sang, Magnus Larsen på kontrabass og Martin Langlie på trommer.

OBS! Billett til laurdagskveld på museet gjev inngang på konserten med Valkyrien, samt ein rekke andre gode programpunkt. Billett her!

Velkomen!

Foto: Valkyrienallstars.com