Hovudside Program Konsertar Ung på Hilme
Facebook Instagram

Ung på Hilme

fredag 12. juli, Festsalen, Valdres Folkemusem
20.00 Konsert

Ung på Hilme - ei forestilling av og med ungdom.

Ei gruppe ungdommar frå Strunkeveko skal produsere og framføre ei forestilling med dans og musikk. Her får ungdommane jobbe gjennom heile veka og lære seg kva som fungerar for publikum, korleis bygge opp ei forestilling og mykje anna. Prosjektet har eit mål om å bygge produsentkompetanse på sikt. 

Forestillinga er eit resultat av kurset DRIV på Strunkeveko. Kursdeltakarane skal jobbe med å lage to konsertar, ein som skal synast fram i Tisleidalen torsdag kveld, og ein på Hilme på fredag kveld. Deltakarene vil få innsikt i korleis det er å tenkje heilheit på ein konsert med tanke på repertoar, innhald, bruk av rommet, og meir organisatoriske sider ved det å skulle lage konsert. I tillegg vil ein jobbe med å sette lys og lyd til konsertane.

Silje Onstad Hålien og Andreas Skeie Ljones har vore med ungdomane gjennom veka. Vi gler oss til å sjå kva dei har fått til!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

 

Foto: Anne Marte Før