Hovudside Program Konsertar Spel blant spon 2: Utvandrarfeler og spelemenn.
Facebook Instagram

Spel blant spon 2: Utvandrarfeler og spelemenn

fredag 12. juli, Rudihuset, Valdres folkemuseum
14.00 Konsert

Spel blant spon 2: Utvandrarfeler og -spelemenn. Instrumentmakerikonsert med Laura Ellestad og Knut Opheimsbakken/ Rudihuset, Valdres Folkemuseum

Saman med Valdresmusea ber vi inn til to konsertar på instrumentmakarverkstaden. Kva kan vel vere betre omgjevander for ei musikalsk oppleving?

Den andre konserten på verkstaden får vi høyre spel frå Laura Ellestad og Knut Opheimsbakken.

Opheimsbakken er på heimebane, både som felemakar og spelemann, medan Ellestad er ein prisløna kanadisk hardingfelespelar med røter i Valdres.

I 2014 kom ho med si fyrste soloplate, «Valdresspel i Amerika», som vart nominert både til Spellemannsprisen og Folkelarmprisen. Plata inneheld slåttar etter fem valdresspelemenn som utvandra til Amerika mot slutten av 1800-talet. Via lydopptak og transkripsjonar har Ellestad tileigna seg eit utval repertoar etter spelemennene.

Vi gler oss - velkomne!

Konserten er gratis for alle som har løyst billett til Valdres Folkemuseum.