Hovudside Program Konsertar Sogesong med Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren / Hedalen stavkirke
Facebook Instagram

Sogesong med Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren

mandag 08. juli, Hedalen stavkirke, Hedalen
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
19.00 Vis i kart Konsert

Konsert med Sogesong i Hedalen stavkirke.

Sogesong tek ein med tilbake til den sakrale, dunkle og mystiske mellomalderen. 

Kvedar Øyonn Groven Myhren og hardingfelespelar Anne Hytta har gjennom fleire år utforska dei gamle balladane.

No tek dei oss med til eit møte mellom det urgamle og det genuint nye, til det melismatisk suggererande, syngande og alltid svingande.

Både Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren er kjent for djupe personlege uttrykk og båe er godt forankra i gamle folkemusikktradisjonar frå Telemark. I to kyrkjekonsertar byr dei på friske og originale tolkingar av ulike balladar som var godt gøymt, men ikkje heilt gløymt.

Kl. 17.30. Hedalen stavkirke - Eit vakkert møte med middelalderen. 

Kaffiprat og omvising ved Anne Hilde Øigarden i Preststugu og stavkyrkja. 

Kyrkjekonserten i Hedalen stavkyrkje er ei årleg hending. Velkommen og god konsert! Sjå meir info på www.hilme.no