Hovudside Program Konsertar Småfolk presenterer: Veslefrikk
Facebook Instagram

Småfolk presenterer: Veslefrikk

onsdag 02. august, Valdres Folkemuseum
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
14.00 Vis i kart Konsert

Har du høyrt om Veslefrikk? Veslefrikk er guten som korkje var stor eller populær, men som alikevel vart ein helt, berre ved å vere snill med andre. Og med litt hjelp frå ei magisk fele.

Sandvær/Brodal består av forteljaren Anette Sandvær (f. 1979) og musikar og komponist Jon Hjellum Brodal (f. 1986). Duoen kombinerer forteljarkunst med musikk og særleg lydbilde frå hardingfela, og har som mål å la instrumentet og stemma få like stor plass når historiene blir fortalte. Anette Sandvær har studert drama og fortelling ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og har dei siste åra jobba som frilansforteller. Jon er blant dei fremste unge folkemusikkutøvarane i dag. Ved sidan av å vere soloutøver er Jon aktiv i ulike ensemble, til dømes Vrang, og han spelar jamleg på folkemusikkfestivalane i Noreg og Norden.

Framsyninga er basert på folkeeventyret etter Asbjørnsen og Moe, og vart opprinneleg produsert i samarbeid med Riksscenen.

Regi: Dominic Kelly. Varigheit ca. 35 min. Passar for born frå 5 år og oppover.

Foto: Ingvild Skeie Ljones