Hovudside Program Konsertar Småfolk presenterar: Veslefrikk
Facebook Instagram

Småfolk presenterar: Veslefrikk

onsdag 02. august, Valdres Folkemuseum
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
14.00 Vis i kart Konsert

Har du høyrt om Veslefrikk? Ikkje det?

Veslefrikk er guten som korkje var stor eller populær, men som alikevel vart ein helt, berre ved å vere snill med andre. Og med litt hjelp frå ei magisk fele.

Småfolk presentarar Veslefrikk med Sandvær/Brodal: Forteljar Anette Sandvær og musikar Jon Hjellum Brodal utgjer dueon Sandvær/Brodal. Dei to kombinerar forteljarkunst med musikk og lydbilete frå hardingfela. Inspirert av den muntlege forteljartradisjonen opnar dei opp for improvisasjon, i eit balansert samspel mellom forteljarstemma og fela, og ynsker å ta inn energien som skapast mellom publikum og utøvarar under framsyninga.

Framsyninga er basert på folkeeventyret etter Asbjørnsen og Moe, og vart opprinneleg produsert i samarbeid med Riksscenen.

Regi: Dominic Kelly. Varigheit ca. 35 min. Passar for born frå 5 år og oppover.

Foto: Ingvild Skeie Ljones