Hovudside Program Konsertar Småfolk 6: Edith.
Facebook Instagram

Småfolk 6: Edith

lørdag 13. juli, Amfiet, Valdres Folkemuseum
20.00 Konsert

Småfolk 6: Edith, Danseframsyning med Johanne L. Mjøs og Jon Bugge Mariussen / Amfiet, Valdres Folkemuseum 

Kan Edith danse? Dette lurer Jon veldig på. For Edith er ei streng og stiv frue frå finaste Oslo. Jon elskar å danse og når Johanne dreg i gang musikk på fela blir det vanskeleg å sitja stille. Her blir det fartsfylte krumspring og eggjande musikk.

Jon Bugge Mariussen (dans og munnharpe) er utdanna dansar og har arbeidd to år som skodespelar ved Västanå Teater i Sverige.

Johanne L. Mjøs (fele og hardingfele) er student ved Ole Bull Akademiet, og har arbeidd som teatermusikar.

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.