Hovudside Program Konsertar Småfolk 5: Center of the universe
Facebook Instagram

Småfolk 5: Center of the universe

lørdag 13. juli, Fagernes kjøpesenter
13.30 Konsert

Center of the Universe

- musikklaboratorium og konsert

Har du drøymt om å lage din eigen song, komposisjon eller slått?

Jørgen, aka Center of the Universe, har med seg ein haug av instrument og elektroniske duppedingsar. Jørgen er superflink til å få born til å lage kul musikk, og han har også laga ein liten installasjon som publikum får lov til å spela på! På Hilme får du møte Jørgen saman med felespelar Vegard Vårdal. Saman skal dei ta oss med inn i eit univers med lydar frå både elektronisk musikk og folkemusikk. 

Det blir mykje å skru og trykke på, og her kan ein synge i mikrofon om ein likar det. Kven veit korleis dette kjem til å høyre ut?

Jørgen Skjulstad er musikar, komponist, DJ og lydteknikar. I tillegg til å gje ut elektronisk musikk under navnet Center of the Universe har han jobba med teater, dans, lydkunst, performance og film. 

Vegard Vårdal er folkemusikar og dansar. Utdanna ved Norges Musikkhøgskole med fele og hardingfele som hovudinstrument har han markert seg som ein allsidig utøvar.

VELKOMNE TIL THE CENTER OF THE UNIVERS!

Foto: Sara Cools