Hovudside Program Konsertar Småfolk 1: Edith
Facebook Instagram

Småfolk 1: Edith

onsdag 10. juli, Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
14.30 Konsert

Småfolk 1: Edith, Danseframsyning med Johanne L. Mjøs og Jon Bugge Mariussen / Slidrehuset, Valdres Folkemuseum 

Kan Edith danse? Dette lurer Jon veldig på. For Edith er ei streng og stiv frue frå finaste Oslo. Jon elskar å danse og når Johanne dreg i gang musikk på fela blir det vanskeleg å sitja stille. Her blir det fartsfylte krumspring og eggjande musikk.

Jon Bugge Mariussen (dans og munnharpe) er utdanna dansar og har arbeidd to år som skodespelar ved Västanå Teater i Sverige.

Johanne L. Mjøs (fele og hardingfele) er student ved Ole Bull Akademiet, og har arbeidd som teatermusikar.

Konserten er gratis for alle som har løyst billett på Valdres Folkemuseum, eller er med på Mikro- eller Ministrunken.