Hovudside Program Konsertar Øystein Romtveit og Per Anders Buen Garnås
Facebook Instagram

Øystein Romtveit og Per Anders Buen Garnås

lørdag 13. juli, Flatigarden, Valdres Folkemuseum
21.30 Konsert

Eit av kjennemerka til Jørn Hilme- stemnet er alle intimkonsertane der publikum kjem tett på musikken og musikarane.

Tett på Per Anders og Øystein blir garantert ei oppleving. Desse to spelemennene frå Telemark har eit heilt eige utrykk og kjenner kvarandre godt. Kan bli både tårer og latter her. 

Per Anders Buen Garnås  byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar - då særleg i Telemark; slike som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen. Per Anders har vunne Landskappleiken 4 gonger og har fleire cd utgjevingar bak seg. Nominert til Spellemann og vunne Folkelarmprisen.

Øystein Romtveit, er myllarætling, frå Vinje har i hovudsak lært av far sin, Tarjei. Han har eit eggjande spel,  god dansar som han er.

Velkomne! 

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.