Hovudside Program Konsertar Østerdølenes spelemannslag
Facebook Instagram

Østerdølenes spellmannslag

fredag 12. juli, Festplassen, Valdres Folkemuseum
19.00 Konsert

Østerdølenes spellmannslag

Under leiing av Marit L. Westling har Østerdølenes spellmannslag delteke på internasjonale folkemusikkfestivalar og hatt dansespelingar i inn og utland. Dei har vunne lagspelklassa på Landskappleiken heile seks gonger. Dette er lagspel av beste sort! Og dansespel av ypparste merke!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.