Hovudside Program Konsertar Morgonrode
Facebook Instagram

Morgonrode

fredag 12. juli, Festsalen, Valdres Folkemuseum
22.00 Konsert

Med eit rått og ærleg utrykk eksperimenterar Morgonrode med tradisjonell og improvisert musikk. 

Bandet har spelt i lag sidan 2015 og har vore på fleire av dei store folkemusikkscene- og festivalane i Norge. I vår kjem Morgonrode ut med deira etterlengta debutalbum på plateselskapet Ta:lik records.  

Musikken er energifull, tankefull, drivande, var og utforskande, og repertoaret spenner seg frå springarar og gangarar til salmar, viser og bånsullar. 

Rasmus Kjorstad: oktavfele, vokal

Selma French Bolstad: nyckelharpe, hardingfele og vokal

Helga Myhr: hardingfele, vokal

Fredrik Luhr Dietrichson: kontrabass

Andreas Winther: trommer og perkusjon

Foto Johannes Selvaag

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.