Hovudside Program Konsertar Min folketoneautomat - kjærleiken
Facebook Instagram

Min folketoneautomat - kjærleiken

torsdag 03. august, Valdres Folkemuseum
10.00 - 20.00 Vis i kart Konsert

Mi folketone ynsker seg kjærleik i år!

Fjorårets nylansering, ein eigen fotoboks for folkeviser, kjem attende i år også. Men, denne sommaren vil vi høyre om kjærleiken, både den lukkelege og den ulukkelege!  Gå inn, trykk på ein knapp og syng inn visa di!

Målet er ikkje fyrst og fremst å prestere, men om å formidle det som står ein nært og kjært i ein lystig eller lyrisk situasjon. På dei profesjonelle scenene kan me oppleve ypparleg song, men med Min folketoneautomat ynskjer me å skape ein arena der breidda skal koma til uttrykk og bli verdsett på ein annen måte enn i dag.Bli med og del din folketone med andre! Avhengig av responsen kan di vise bli presentert på Facebooksida Min folketone.

Min folkeviseautomat er utvikla i eit samarbeid mellom Ellen Persvold i Jørn Hilme-stemnet, filmskapar Jørn Nyseth Ranum og regissør/produsent Aaslaug Vaa i Villa Lofoten. Prosjektet har utspring i regissør Aaslaug Vaa sitt filmprosjekt Ei vise vil eg kveda med filmane Sing lingeling og Kvar song ei soge, samt dokumentasjons- og presentasjonssida Min folketone på Facebook.