Hovudside Program Konsertar Marit Karlberg og Kim Andre Rysstad
Facebook Instagram

Marit Karlberg og Kim Rysstad

lørdag 13. juli, Flatigarden, Valdres Folkemuseum
20.00 Konsert

Marit Karlberg og Kim Rysstad

Dette blir garantert vakkert og stemningsfullt! Eit musikalsk møte mellom to av landets fremste folkesongarar.

Marit Karlberg har du nok høyrt før, ho er den nydelege stemma i duoen Sudan Dudan. Nominert til Spellemann i år og Folkelarmprisvinnar i fjor. Marit er busett i Øystre Slidre og er ein av våre fremste tradisjonsberarar av den vokale songskatten i dalføret. I tillegg til å synge, trakterer ho langeleik og kombinerer også desse to uttrykka på meisterleg vis. Både stemma og langeleikspelet har me blitt kjend med gjennom dei fire platene til duoen Sudan Dudan og filmmusikken til Kristine Valdresdatter. Marit har også gjeve ut soloplata "tre ord te de" i 2003 og var medlem av vokalgruppa Dvergmål som gav ut to plater. 

Kim er ein Spellemannsnominert songar og A-klassekvedar frå Rysstad i Setesdal. Med fire soloalbum og samarbeid på tvers av sjangrar med musikarar som Knut Reiersrud, Anne Grete Preus og Silje Nergaard, og som solist med nasjonale og internasjonale orkester har Kim markert seg sterkt med røysta si. CD'en «Snøen laver ned»  saman med London Philharmonic Orchestra fekk særs rosande omtale i media og vart omtala som «En av tiårets vakreste juleplater». Kim Rysstad har også deltatt i Melodi Grand Prix, Beat for Beat og hatt eigen jolekonsert saman med KORK på NRK1. Det Rysstad lærte av sine læremeistrar som t.d. Kirsten Bråten Berg, Ånon Egeland og Agnes Buen Garnås la grunnlaget for alt han gjer som kvedar. Og det kjem aldri til å endre seg. 

Eit av kjennemerka til Jørn Hilme-stemnet er intimkonsertane i dei lune og gamle bygningane på Valdres Folkemuseum. 

Gled dykk!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.