Hovudside Program Konsertar Lom toradergruppe
Facebook Instagram

Lom toradergruppe

fredag 13. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
19.00 Vis i kart Konsert

Dans deg varm - i god takt!

Lom toradergruppe spelar til dans på Valdres Folkemuseum fredag kveld under Hilmeveka.

Lom toradergruppe er under leiing av Øystein Nicolaisen. Øystein har vore aktiv innen torader/gammaldansmiljøet i mange år og har mellom anna vunne landsfestivalen i gammaldans på durspel 4 gonger. Han er opprinneleg frå Ål i Hallingdal, men har busett seg i Lom. I Lom toradergruppe har han med seg ungdom frå Lom, Skjåk og Vågå i alderen 11 til 17/18 år. Lom toradergruppe starta i 2014 og vart historiske vinnarar av den nye klassa lagspel /durspel trekkspel på Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2016 og 2017. 

Her er det berre å pusse danseskoa - velkomne!