Hovudside Program Konsertar Laurdagskveld på museet: Dans og konsertar
Facebook Instagram

Laurdagskveld på museet: Dans og konsertar

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
18.00 - 02.00 Vis i kart Konsert

Skal vi danse? Høyre på konsertar? Kikke på folkelivet?

Gamaldans og bygdedans på 1000 golv har vore slagordet til Hilme-stemnet i mange år, og seier noko om dansen sin plass på stemnet. Sumarkveldane på Valdres Folkemuseum med dansespel som strøymer ut frå dei gamle stovene, er med på å gje festivalen eit unikt særpreg i den norske festivalfloraen. Om du likar deg i dei uformelle og intime stovene på Valdres Folkemuseum eller har trang til å bryske deg på kappleikscena; Jørn Hilme-stemnet er fyrst og fremst dansarane sitt stemne. Slik blir det også i år.

Smekre tonar frå Leif Rygg, gamaldans etter Bratås kvartett, vilt med Valkyrien eller nykomponert folkemusikk på klubbkonserten Reolô natterstid. Bli med da!