Hovudside Program Konsertar Konsert med Marit Karlberg og Frank Rolland, Hedalen
Facebook Instagram

Når marke æ grøn og blomster'n blå - Marit Karlberg og Frank Rolland

mandag 09. juli, Hedalen stavkyrkje, Hedalen
19.00 Vis i kart Konsert

Når marke æ grøn og blomster'n blå

Marit karlberg og Frank Rolland har dukka ned i folkemusikken sine skattekister og funne slåttar på låg bas, grønt og ljøsblått felestille, ballader, viser, salmar og slåttestev som dei vil dele med lyarane. Musikken har vandra i tid og rom, men også funne rotfeste i folkemusikktradisjonane i Hardanger og Valdres. Du får høyre hardingfele og song i solo og samspel, av og til med følgje av langeleik og harmonium. Frank Henrik Rolland, hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland. Læraren hans på hardingfele har vore Knut Hamre, og han har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger. Rolland gav ut den første soloplata si i 2008: Hardingfele. Her fordjupar han seg i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar. Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. Ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv, og har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til akkompagnement. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995 - 2005) og er aktiv med duoen Sudan Dudan i lag med Anders Erik Røine.

Det vil bli vandring på pilgrimsvegen guida av Anne Hilde Øigarden med felles måltid før konserten for dei som ynsker det. Sjå eigen programpost.

Kyrkjekonserten i Hedalen stavkyrkje er ei årleg hending. Velkommen og god konsert!

Foto: Mette Bleken