Hovudside Program Konsertar Klubbkonsert: Røine/Hulbækmo/Kjorstad
Facebook Instagram

Reolô: Klubbkonsert med Røine/Hulbækmo/Kjorstad

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
23.59 Konsert

Reolô

På bestilling for Hilme har Anders Erik Røine, Hans Hulbækmo, Rasmus Kjorstad og Hans P. Kjorstad laga ein konsert med ny og eksperimentell folkemusikk.

Tematikken spinn rundt historie og samtid, sanning og overdriving, natur og overtru. Folkekulturen er full av historier om spelemenn og dansarar som hadde kontakt med dei underjordiske, dei selde sjela si for å bli gode til å spele, eller dei vart besett av musikken og kunne ikkje slutte å spele eller danse. I moderne kontekst vert denne trua på overnaturlege krefter surrealistisk. Transe er velkjend i all verdas musikk, frå den aller tidlegaste musikken og fram til i dag. Bestillingsverket er støtta av Norsk kulturråd.

Det er tid for transe med Reolô! Sjå fram til suggerande rytmar og repeterande figurar i eit mangefasettert lydlandskap. Bli med inn i eit univers av musikk, lydar, historier og humor.

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området. Billett her!