Hovudside Program Konsertar Klangen etter Eivind Groven
Facebook Instagram

Klangen etter Eivind Groven

fredag 04. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
21.00 Konsert

Medvirkande: Håkon Høgemo, Anne Hytta, Sivert Holmen og Bjørn Kåre Odde.

I 2017 er det 40 år sidan komponisten, forskaren og spelemannen Eivind Groven gjekk bort. Vi skipar difor til ein konsert til minne om Eivind Groven (1901-1977), kor ein lyftar fram ukjent og lite brukt materiale. I særstilling finn me ein komposisjonstrilogi med låttar som Regnbogen, Springar frå symfoniske slåttar og Balladetone. Med desse tre, samt arrangement for tre hardingfeler, er det borga for ein konsert utanom det vanlege, og som for alvor tek tak i kompleksiteten i Groven sine klangar.

Anne Hytta (f. 1974) er spelekvinne frå Sauland, busett i Oslo, kjent frå gruppene Aurora Borealis, SYM og Kalenda Maya og dei siste åra, Slagr. Som soloartist på hardingfele debuterte ho med CD-en Dag, kveld, natt i 2006, denne utgjevinga fekk ho Folkelarmprisen for. Hytta er ein musikar og komponist som jobbar på tvers av både musikalske og geografiske grenser, og ho har samarbeidd med musikarar frå mange land, noko som blant anna har ført til plateprosjekta Tokso (2010) og Padik: Music from Baluchistan (2013).

Håkon Høgemo (f. 1965) er folkemusikar og førsteamanuensis på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Høgemo har vunne landskappleiken to gonger (1989 og 1995). Sidan 1992 har han spelt i trioen Utla med Karl Seglem og Terje Isungset. Han er òg kjent frå gruppene Slåttetrioen og Gamaltnymalt.

Bjørn Kåre Odde (f. 1990) er folkemusikar frå Garmo og Gudbrandsdalen. Han har hatt rolla som spelemannen i musikalen Spelemann på taket på Det Norske Teateret i fleire år. Han har vore solist med blant andre Det Norske Solistkor, grammy-nominerte Uranienborg Vokalensemble, og ikkje minst Kringkastingsorkesteret. I tillegg deltek han jamt på kappleik.

Sivert Holmen (f. 1992) er hardingfelespelemann frå Valdres. Holmen har studert folkemusikk på Norges Musikkhøgskole, både fele og vanleg fele og han deltek jamleg på kappleikar. I dag spelar han i A-klassen på Landskappleikane, og saman med Bjørn Kåre Odde vann han gruppespel under Landskappleiken i 2013.

Velkommen, alle saman!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her: https://hilme.ticketco.no/fredagkveld_paa_museet_dans_og_konsertar