Hovudside Program Konsertar Kappleik Junior (1)
Facebook Instagram

Kappleik Junior

fredag 12. juli, Festplassen, Valdres Folkemuseum
16.00 Kappleik
KAPPLEIK - eit høgdepunkt i Hilmeveka!
Kappleiken på Hilmestemnet er sjølve rosina i pølsa. Denne kappleiken er blant dei største i landet og utmerkar seg med eit særs lydhøyrt publikum. Her møtest alle generasjonar frå heile landet for tevling og trivsel.
Som i fjor legg me juniorklassane til fredag kl.16.00 på Valdres Folkemuseum. Klassane rekrutt og senior går av stabelen laurdag frå kl.10.00 i Nord Aurdal Kulturhus. Lagdans og finalespel finn stad ute laurdag kl.19.00 på Valdres Folkemuseum. Premieiutdelinga foregår sundag kl.14.00.
Meld deg på her: www.tevling.folkorg.no
Still opp som deltakar og publikum - velkomne!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for kappleiken, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.