Hovudside Program Konsertar Kan du komme ned og hente meg?
Facebook Instagram

Kan du komme ned og hente meg?

fredag 12. juli, Festsalen, Valdres Folkemuseum
18.00 Konsert

Kan du komme ned og hente meg? Danseframsyning med Kartellet / Festsalen, Valdres Folkemuseum

Ei danseframsyning om det å sjå livet passere revy. Kva hugsar vi av godt og vondt? Korleis møter vi sanninga om at alt har ein ende; musikken, dansen, alt som er bygt opp vil gå sund.

Kartellet er eit danseensemble som utforskar spenningsfeltet i det maskuline og intime. I ”Kan du komme ned og hente meg?” møter vi to dansarar i alvor og leik. Voldsom leik.

Koreograf: Sigurd Johan Heide

Dans:  Inge Martin Helgesen og Sigurd Johan Heide

Piano og trommer: Ole Morten Indigo Lekang

Produsent: Riksscenen v/ Nina Fjeldet

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.