Hovudside Program Konsertar Kammersmusikk med Villa & Steinsrud i Hedalen
Facebook Instagram

Kammersmusikk med Villa & Steinsrud, Hedalen

mandag 31. juli, Hedalen stavkyrkje, Hedalen
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
19.00 Vis i kart Konsert

Duoen Villa & Steinsrud set fyrste tone på Jørn Hilme-stemnet 2017. Bli med på ei reise til flatbygd og kammersmusikk.

Stein Villa og Marit Steinsrud inviterer deg til eit møte med kammersmusikk, ein konsert basert på plateutgjevinga deira med same namn frå 2014. «Tradisjonelt stoff på vårt vis og eigen musikk på tradisjonelt vis», har dei sjølve karakterisert musikken sin. Duoen Villa/Steinsrud er ektefolk, og dei har spelt saman i årevis – og saman trakterer dei både langeleik og harpe, gitar, pianotrekkspel, mandolin, fele og song. Sjå fram til ei harmonisk og varsam musikalsk vitjing.

Det vil bli vandring på pilgrimsvegen guida av Anne Hilde Øigarden med felles måltid før konserten for dei som ynsker det. Sjå eigen programpost.

Kyrkjekonserten i Hedalen stavkyrkje er ei årleg hending. Velkommen og god konsert!