Hovudside Program Konsertar Ingebjørg, Oddrun og Gunvor Hegge
Facebook Instagram

Ingebjørg, Oddrun og Gunvor Hegge

søndag 06. august, Valdres Folkemuseum
17.30 Konsert

Tre gonger Hegge: langeleikspel i ubroten, levande tradisjon 

Systrene Oddrun og Gunvor Hegge, og Gunvor si dotter Ingebjørg er alle dyktige langeleikspelarar. Valdres er det einaste dalføret som har ein ubroten langeleik-tradisjon, som går tilbake om lag 200 år i tid. Oddrun, Gunvor og Ingebjørg er med på å halde denne tradisjonen levande. Sjå fram til ein konsert med godt langeleikspel.

Velkomen!