Hovudside Program Konsertar Hytta & Høgemo
Facebook Instagram

Hytta & Høgemo

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum
23.30 Konsert

Velkomen til intimkonsert med Anne Hytta og Håkon Høgemo!

Anne Hytta, hardingfelespelar frå Sauland, er kjent for å meistre både det tradisjonelle og nyskapande innafor folkemusikken, samstundes som ho også har ein fot innan samtidsmusikken. Det same gjeld for Håkon Høgemo, også hardingefelespelar, frå Årdal i Sogn. Høgemo har med seg spelemannstradisjon frå bygdene i indre Sogn og har også vore med i fleire prosjekt, mellom anna i folkemusikktrioen Utla. Denne laurdagskvelden møter du dei som to soloartistar. 

Velkomen til konsert!