Hovudside Program Konsertar Huga! Lærarkonserten 2017
Facebook Instagram

Huga! Lærarkonserten 2017

søndag 30. juli, Merket, Tisleidalen
19.30 Konsert

«Huga» er tema og tittel for lærarkonserten på Strunkeveko, og det er med andre ord duka for ein kveld med skikkeleg innsats!

Lærarane på Strunkeveko er mellom dei fremste folkemusikarane og -dansarane ein kan oppdrive, og saman bidreg dei til auka rekruttering og samhald i miljøet. Tradisjonen tru startar dei veka med å halde konsert for elevane, foreldre og alle andre som vil høyre.

Medverkande på konserten, er Martin Myhr, Tom Kjetil Tørstad, Sina Myhr, Solbjørg Tveiten, Anne Hytta, Jan Beitohaugen Granli, Håkon Høgemo, Ingvild Blæsterdalen, Olaug Furusæther, Tron Steffen Westberg, Asgeir Blaavarp Heimdal, Vetle Springard, Bjørnar Blaavarp Heimdal og Stian Roland.

Velkomne til konsert!