Hovudside Program Konsertar Hilme-taffelmusikk, Annar By
Facebook Instagram

Hilme-taffelmusikk, Annar By

søndag 14. juli, Festsalen, Valdres Folkemusem
13.15 Konsert

Mat og musikk i sundagstempo?

Hilme-dugurd er musikk og mat for ein glad, men kanskje også småsliten festivalgjengar den siste sundagen i Hilmeveka. 

Tredje og siste post på dugurd-programmet er ved Annar By frå Elverum, gitar og vokal. Han har jobba med lokal folkemusikk frå Hedmark i mange år og likar å servere tradisjonelle viser og stubbar samt nye melodiar til dikt av ulike forfattarar. Annar kom ut med soloplata “Folk, gitar og sang” i 2006, for denne fekk han Folkelarmprisen. Han medverkar på ei rekkje utgjevingar m.a Signe Marie Rustad, Fra de mollstemte skoger og Stampestuen.

Stampestuen får de høyra på Hilme laurdag kl. 21.00 i festsalen, Valdres Folkemuseum. Annar spelar og konsertar for Den Kulturelle Spaserstokken rundt i kommunane i Valdres veka før Jørn Hilme-stemnet.

Det heile blir avslutta med det store høgdepunktet etter ein kappleik - sjølvaste premieutdelinga. Utdeling av premiar, heider og ære!

Munkekroen serverar mat og drikke.

Et og nyt musikken!

NB! Det er ein felles inngangsbillett for alt som skjer på programmet sundagen, og den finn du her.