Hovudside Program Konsertar Gjevriskaradn
Facebook Instagram

Gjevriskaradn

lørdag 13. juli, Festplassen, Valdres Folkemuseum
21.00 Konsert

Gjevriskaradn er i dette høve Kjell, Sverre og Inge Gjevre.

Kjell og Sverre vaks opp i Liagardane i Vang i Valdres, omgjevne av hardingfele- og toradermusikk. Sverre har vore svært aktiv i folkemusikkmiljøet i Oslo, medan Kjell flytte til Vang på hedmarken. Båe er mykje brukte spelemenn og kurshaldarar.

Inge er busett på Lillehammer og spelt aktivt i 30 år, mellom anna i Jutullaget. Han er frilans musikar og komponist. No måler han krefter med onklane sine, Kjell og Sverre, og vi kan vente oss heftig dansemusikk og godt samspel.

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.