Hovudside Program Konsertar Fredagkveld på museet: Dans og konsertar
Facebook Instagram

Fredagkveld på museet: Dans og konsertar

fredag 04. august, Valdres Folkemuseum
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
18.00 - 02.00 Vis i kart Konsert

Gamaldansgruppa til Pål Bratås, konsertar, Jørn Hilmes-polkapris og bygdedans. På Valdres folkemuseum på Fagernes er det tradisjonen tru dans på «hundre golv» til ypparleg dansespel.

Her kan du gå frå stove til stove og oppleve gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. I lyset frå flakkande stearinlys kan du høyre landets beste spelemenn og -kvinner og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inntrykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, og som lokkar publikum tilbake år etter år.

Velkomen!