Hovudside Program Konsertar Direktørens stølsvandring med lokk og bukkehorn.
Facebook Instagram

Direktørens stølsvandring

lørdag 13. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
17.00 Konsert

Karin Kolterud, Bendik S. Qvam og Ole Aastad Bråten.

Oppmøte i museumsresepsjonen. Hugs gode sko! / Stølen, Valdres Folkemuseum

Laling er ein lokketeknikk brukt frå gamalt, ofte på stølane sumarstid når budeiene lokka dyra heim frå beite. Laling kunne også brukast som kommunikasjon mellom folk over større avstandar. Bli med museumsdirektør Ole Aastad Bråten på stølsvandring på leit etter både laling og sjelero!

Karin Lindström Kolterud er tradisjonsberar etter bestemor si, Anne Rundberg, som kom frå Etnedal. Karin er fødd og bur i Sverige der ho arbeider som lærar i folkesong og laling, eller kulning, på svensk.

Bendik Smedåsgjelten Qvam er frå Tynset.  Han trakterer gitar, bukkehorn og song. Som musikkstudent fordjupar han seg i musikk frå nord-Østerdalen, særleg vokalstoff, som han også spelar på bukkehorn.

Bli med til støls!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.