Hovudside Program Konsertar Dansekonsert med Røine og Lien
Facebook Instagram

Dansekonsert med Røine og Lien

lørdag 13. juli, Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
23.30 Konsert

Dansekonsert med Anders Røine og Kenneth Lien

Sjå fram til suggererande rytmar når munnharpespelarane Anders og Kenneth slår an fjøra til fullt dansegolv i Slidrehuset laurdagsnatta.

Anders Røine, multiinstrumentalist frå Groruddalen og Valdres. Landskappleik-vinnar på munnharpe heile 5 gonger. Saman med Marit Karlberg utgjer han superduoen Sudan Dudan, Spellemannominert i år, Folkelarmprisvinnar i fjor. På oppdrag for Jørn Hilmestemnet komponerte han i 2013 musikk til stumfilmen Kristine Valdresdatter frå 1930. Musikken og filmen kom ut på plate i 2016 og fekk Spellemannpris.

Kenneth Lien er  kunstnar og musikar med bein i flere stilartar og sjangrar. Han driv med figurativ maling og eksperimentell abstrakt kunst i diverse medium. Kenneth spelar ei rekkje instrument og opererar innanfor både tradisjonsmusikk og eksperimentell musikk.  

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.