Hovudside Program Konsertar Dansekonsert med Hoslemo, Karsrud og Buen Garnås
Facebook Instagram

Dansekonsert med Hoslemo, Karsrud og Buen Garnås

fredag 12. juli, Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
23.00 Konsert

Sita i ro på konsert? Nei, hiv deg med i dansen!  

Setesdal, Valdres og Telemark barkar saman på Slidrehuset.  

Tor Hoslemo, Kjellbjørn Karsrud og Per Anders Buen Garnås kjem til Hilme med bøttevis av dansespel!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.