Hovudside Program Konsertar Dansekonfekt frå arkivet med Ingar Ranheim og Stian Roland
Facebook Instagram

Dansekonfekt frå arkivet med Ingar Ranheim og Stian Roland

torsdag 11. juli, Festsalen, Valdres Folkemusem
16.30 Konsert

Jørn Hilme-stemnet er kjent som den store og intime dansefestivalen. Her kan du lære meir om dans!

Ingar Ranheim er av mange fyrst og fremst blitt sett på som stordansaren, både i springar og laus (halling). Han er og kjent som ein svært dyktig spelemann på langeleik. Her er han blant dei fremste i landet – stø i tradisjonen og eit følsomt, leikande og dristig spel. Plata På langeleik, der han spelte saman med m.a Elisabeth Kværne, fekk Spelemannsprisen i 1985. Ingar Ranheim er ein nasjonal kapasitet innanfor danse- og tradisjonsformidlinga.

Stian Roland er ein dansar med eit stort spekter av stilartar og tradisjonar. Han har vore ein viktig skikkelse for å bygge opp både halling og pardansmiljø i Valdres, og har vunne landskappleiken i dans hardingfele klasse A fleire gonger. Stian er instituttleiar ved Universitetet i Sørøst-Norge avd Rauland. 

Arrangementet er gratis.

Kom og sjå dans, du også!