Hovudside Program Konsertar «Timeglas» - Kim Rysstad med band
Facebook Instagram

Timeglas

onsdag 10. juli, Aurdal kirke, Aurdal
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
19.00 Konsert

Kim Rysstad, Annar By og Birger Mistereggen

Konserten «Timeglas» vil ta fram songar frå fleire av utgjevingane Rysstad har vore med på, både solo og saman med andre. Det blir alt frå Melodi Grand Prix til groteske mellomalderballadar og visdomsstev. Saman med to musikarar Kim set høgt, nemleg Birger Mistereggen og Annar By vil dette bli ei vár og fin musikalsk stund.

Kim Rysstad er ein Spellemannsnominert songar og A-klassekvedar frå Rysstad i Setesdal. Med fire soloalbum og samarbeid på tvers av sjangrar med musikarar som Knut Reiersrud, Anne Grete Preus og Silje Nergaard, og som solist med nasjonale og internasjonale orkester har Kim markert seg sterkt med røysta si. CD'en «Snøen laver ned»  saman med London Philharmonic Orchestra fekk særs rosande omtale i media og vart omtala som «En av tiårets vakreste juleplater». Kim Rysstad har også delteke i Melodi Grand Prix, Beat for Beat og hatt eigen jolekonsert saman med KORK på NRK1. Det Rysstad lærte av sine læremeistrar som t.d. Kirsten Bråten Berg, Ånon Egeland og Agnes Buen Garnås la grunnlaget for alt han gjer som kvedar. Og det kjem aldri til å endre seg.

Velkomne til Aurdal kirke!