Hovudside Program Hilme året rundt Døgeniktenes debatt
Facebook Instagram

Døgeniktenes debatt

lørdag 06. mai, Skrautvål Grendehus
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
18.00 - 19.00 Konsert

DØGENIKTENES DEBATT

6 MAI KL. 18.00 / SKRAUTVÅL GRENDEHUS

m/ Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springard
«I byrjinga av førige årtusens siste tiår vart to barn født med eit halvt års mellomrom i kvart sitt dalføre. Født inn i trygge omgivnadar på gardar der stø- dige, gamle verdiar låg til grunn – av foreldre som hadde sett sine eigne liv ta fart inn i eit tiår der

ny teknologi skulle forbløffe og snu opp ned på kvardagen. På kvar sin kant, på forskjellig vis vart barna bevisst sitt gode liv.

Og kva vart dei? Dei vart Døgeniktar.

Døgeniktar som ynskjer å gje verda den rette medisin for sine plager. Og det er ikkje gjevnaden det står på. Det er berre det at dei ikkje evner å bruke dei. Dessutan kan det vera ubehageleg å stå for noko. Og kva med tida?»

Døgeniktenes debatt er ein delvis improvisert framsyning med dans og dialog rundt tema som står utøvarane nært. 

Framsyninga er same dag som Valdreskappleiken. Har du løyst bilett til kappleiken, eller betalt deltakaravgift betalar du 100,- for biletten. Ved kjøp av bilett til Døgeniktenes Debatt kjem du gratis inn på kveldsdansen og festen i regi av Valdreskappleiken. 

Framsyninga er ein del av konsertrekkja Vår med HILME, les mer om dei andre konsertane her.