Småfolk 1: «Danse mi dokke» med Ingrid Lingaas Fossum og Brigitte Blomlie


Her får vi møte dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynte. Når Berit spelar på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker å danse. Korleis får ho det til? Er det ein slags magi i den gamle musikken, som vekker dei til live? Og er det eigentleg noko moro å vera ei dansedokke, når du berre får danse når ein annan bestemmer det?

«Danse mi dokke, springe min hest» er basert på ein fleire hundre år gamal tradisjon med dansedokker(marionetter) til langeleikspel. Historia i framsyninga spinn rundt Berit på Pynte, ein berømt langeleikspelar som levde i Valdres på 1800-talet. Berit budde på ein liten husmannsplass i Vestre Slidre, og brukte å underhalde folk som kom reisande forbi. Ho spelte langeleik, song og dansa – og var kjent for å bruke dansedokker, som ho festa i ein tråd i handa når ho spelte langeleik. Etter Berit finns det mange spanande historier og nedskriven musikk – blant anna frå den berømte komponisten Edvard Grieg, som ein gong var på besøk på ei av reisene sine.

Medverkande:
Ingrid Lingaas Fossum, langeleik, dans og song
Brigitte Blomlie, forteljing, dans og song
Silje Risdal Liahagen, Regi

Framsyninga er produsert i samarbeid med Riksscenen og Hilmarfestivalen.

 

Småfolk
Start: Onsdag 10. juli kl. 14.30
Slutt: Onsdag 10. juli kl. 15.15
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: Gratis