Konsert: Morgonrode


Den raude himmelen ved soloppgang - ein ny dag kjem og ljoset tek over for myrkret. Det gamle er forsvunne og noko nytt og vakkert har erstatta det.
Foto: Christian Winther
Bli med på ei reise inn i gruppa Morgonrode sitt musikalsk landskap. Der vevast det tradisjonelle slåttespelet saman med eigne tekstar og komposisjonar. Gamle riddarballadar smeltar saman med improvisasjon i konserten der sola stig sjølv om kvelden er på tur. 
Morgonrode er den eldre skrivemåten for «morgonrauda», den raude himmelen ved soloppgang. Dette er eit godt bilete på gruppa sin musikk. Musikken breier seg, lik solstrålane, utover i konserten og gjev lyttarane stadig nye klangfarger og stemningar. Med den klanglege rikdomen frå tre feler, langeleik og resonansstrenger, kontrabass og trommer, kombinert med eit framoverlent og godt driv, har dei skapt sitt eige musikalske univers. 
Morgonrode brakdebuterte med Spellemannpris, Folkelarmnominasjon og strålande kritikkar for sitt debutalbum i 2019. I år kjem dei med si tredje plate, og vi er no så heldige som får dei hit til Jørn Hilme-stemnet! 
Medverkande: 
Selma French Bolstad, fele, hardingfele, nyckelharpe og song
Rasmus Kjorstad, oktavfele, fele, langeleik, song og munnharpe 
Helga Myhr, hardingfele og song
Fredrik Luhr Dietrichson, kontrabass, sang
Andreas Skår Winther: trommer, sang

 

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 13. juli kl. 19.30
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 20.30
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum