Utekappleik


Velkomen til utekappleik i Festivalteltet på Valdres Folkemuseum.

Foto: Anne Marte Før

Påmeldinga opnar snart.

Den fyrste kjende tevlinga i folkemusikk vart arrangert i 1881 i Ål i Hallingdal. Det var laget Hallingluren som stod som arrangør. Det var fyrst og fremst dei eldste instrumenta ein ynskte å tevle i, mellom anna lur og bukkehorn. 143 år seinare held vi fram med kappleik for dei eldste instrumenta – i tillegg til lokk og lagdans.

Både junior og senior lagdans deltek på utekappleiken laurdag.

Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871. Du kan melde deg på heilt fram til siste kappleiksdag laurdag 16. juli.

Velkomen på kappleik!

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Kappleik
Start: Laurdag 13. juli kl. 18.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 19.00
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum