Gamaldans fredag: Lendmenn


Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppa Lendmenn som står for musikken.

Foto: Johannes Selvaag


Lendmenn spelar fengande runddansmusikk med eit ungdommeleg og utåtvendt preg. Gruppa vart starta i 2005, og har i løpet av dei siste ti åra etablert seg som ei av dei fremste innan sin sjanger. Publikum og dansarar landet rundt har bite seg merke i den unike kombinasjonen av bratsj, toradar og trekkspel i drivande samspel med bass og gitar. All musikken dei spelar er tufta på dansemusikk, og dei meiner sjølv at musikken kjem til sin rett fyrst når det er dans til. Difor vart debutplata deira frå 2015, «Den fyrste», spelt inn med dansarar i lokalet. Repertoaret er sprekt og variert med ei god blanding av tradisjonelle og nyare komposisjonar. Lendmenn har vunne gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk tre gongar; i 2017, 2018 og 2022!


Lendmenn kjem med nytt album i januar 2025, men fyrst kjem dei til oss! God dans!


Medverkande:
Bjørn Kåre Odde, bratsj / fele
Øyvind Sandum , torader / trekkspel
Mads Erik Odde, trekkspel
Steinar Odde, gitar
Bjarne Odde, kontrabass

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Dans
Start: Fredag 12. juli kl. 21.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum