Praktisk info

Her finn du litt av kvart som kan vere greit å vite om Strunkeveko...

 

Påmelding

Du kan melde deg på Strunkeveko med skjemaet du finn her på heimesida. Det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn under "Påmelding" her på sida. Kursa kan bli fulle før fristen så her gjeld "fyrst til mølla"-prinsippet.

Påmeldingsfrist 31.mai 2013.

Påmeldinga er bindande! 

 

Betaling

Du vil få tilsendt ein faktura i posten eller på e-post etter at påmeldingsfristen er gått ut. Gjer vel og betal kurset innan fristen. Gje beskjed dersom summen på giroen ikkje stemmer.

Det kan vera lurt å søkje lokale folkemusikklag og heimkommunen om stønad.

 

Her finn du oss

Kurset går føre seg på Valdres folkehøgskule på Leira i Valdres. Leira ligg sentralt i Sør-Noreg ca 4 km sør for Fagernes, og Valdres Folkehøgskule ligg sentralt i Leira. Når de svingar av frå E16 og inn i Leira sentrum, ser de lett dei gamle tømmerbygningane nedst på skuleområdet. Resepsjonen er i murbygningen på øvre del av området.

Det er også fint og miljøvennleg å ta bussen til Strunkeveko. Valdresekspressen (Oslo-Fagernes/Beitostølen-Årdalstangen/Sogndal) stoppar rett nedanfor Valdres Folkehøgskule. Rutetider og info finn de på www.valdresekspressen.no

Fleire bussruter, mellom anna frå Lillehammer/Gjøvik, Bergen og Gol, kan de finne på www.jvb.no.

Viss du kjem med bussen, seier du ifrå til sjåføren at du skal av i Leira sentrum. Busshaldeplassen ligg ved den nye rundkjøringa mellom Valdres Storsenter og Leira sentrum. Om du går inn mot Leira sentrum og tek til høgre vil du litt oppi sida til ventre for deg sjå nokre store tømmerbygningar og ein portal som det står Valdres Folkehøgskule på - dit skal du. Det er ikkje langt å gå frå busshaldeplassen til Valdres Folkehøgskule.

Det er oppmøte og registrering på folkehøgskulen sundag 21. juli frå klokka 17.00 til 18.30. Her blir det også servert grillmat til alle deltakarane. Etter grillinga er det konsert med lærarane. Me håpar at også foreldra vil ta seg tid til ein konsert med eit utval av landets beste folkemusikkutøvarar.

 

Innkvartering

På folkehøgskulen bur de på 2- og 3-mannsrom. Mange kjem med ynskjer om kven dei vil dele rom med og dette vil me prøve å ta omsyn til, men me kan  ikkje garantere at ein får dele rom med dei ein ynskjer. De vil få vite kven de skal bu med når de kjem på sundagen.

Me har nattevakter i kvart av internata. Nattevaktene ser til at alle er på plass og at det er ro på internata natterstid. Alle deltakarar må sjølve ta med seg sengeklede (dynetrekk, putevar og laken). Det er fint om dei vaksne ser til at dette vert lagt på sengene fyrste kvelden.

Dersom du har allergi og må ha særskild diett eller det er andre omsyn me skal ta, må du seie i frå innan 1. juli.

 

Undervisning

I løpet av kursveka får du undervisning både i grupper og individuelt. På dei fleste kursa prøver me å dele inn gruppene etter nivå og alder, dette for å gje alle deltakarane eit best mogleg tilbod. I tillegg blir det høve til å spele til dans fleire gonger i løpet av veka, og alle deltakarane vil få eit innføringskurs i dans.

 

Reglar

For at me skal ha ei god kursveke, har me nokre reglar som gjeld for alle deltakarane så lenge dei bur på Valdres folkehøgskule:

• Ein må ikkje forlate skuleområdet utan lov.

• All bruk av tobakk og alkohol er forbode.

• Alle skal vera på plass på sine eigne rom, og det skal vere stille i alle hus kl. 23.30 (Krullarkro, for dei som er 14 år eller eldre, sluttar 01.00)

 

Ved brot på reglane risikerar elevane:

• At dei må ligge på rom med ei av nattevaktene

• At dei må ringe heim og fortelja kva dei har gjort.

• Ved stadige brot/grove regelbrot kan elevane bli heimsende.

 

Bilete frå Strunkeveko 

Me kjem til å ta bilete i løpet av kursveka. Desse bileta kan seinare bli nytta på nettsidene og i reklamemateriell / trykksaker. Dersom de vil reservere dykk i mot dette, må de sende beskjed via mail i god tid før kursstart.

 

Bading

Det vil bli organisert bading i Strandefjorden. Dette vil gå føre seg i grupper, og det vil vere med badevakter. For at elevane skal kunne vera med på badinga, treng me godkjenning frå foreldra. Fyll ut svarslippen nedst på brevet, og send han med eleven.

 

Avslutningsframsyninga

Strunkeveko blir runda av med ei storslagen framsyning der alle elevane deltek. Regien for framsyninga har folkedansteater-gruppa, under leiing av sin instruktør. Dette blir ein flott konsert der me håpar å sjå mange stolte foreldre! Billettar kan tingast via festivalkontoret til Jørn Hilme-stemnet. Etter konserten blir det eit enkelt måltid som de kan eta i lag med oss. Måltidet er inkludert for deltakarane, men besøkjande må betale.

 

Jørn Hilme-stemnet

Parallelt med Strunkeveko går Jørn Hilme-stemnet av stabelen. Dette er Noregs største og eldste folkemusikkfestival. Alle som deltek på Strunkeveko vil få gratis gjennomgangsbillett til alle arrangementa på Jørn Hilme-stemnet. Alt de treng å gjere er å møte opp på festivalkontoret og registrere dykk der etter at Strunkeveko er over. Sjå nettsidene til Hilme-stemnet for meir informasjon om konsertar, kurs og kappleik: www.hilme.no

 

Hugseliste

• Instrument

• Sengetøy (dynetrekk, putevar og laken)

• Klede og sko som passar til dans og aktivitet.

• Passande kostyme til sjokoladekappleiken

• Fine klede til elevkonserten fredag

• Regntøy + varme klede

• Handkle og toalettsaker

• Badetøy

• Liten ryggsekk

• Passande utstyr til fotballkamp.

• Lommepengar (kiosk)

• Badelapp

• Kosebamse