langeleikøving-stor

Samlingar for ungdom våren 2012

Populært tiltak

Valdres folkemusikklag og Valdres Ungdomslag samarbeidar om felles øvingskveldar for ungdom som driv med folkemusikk i Valdres. Tiltaket starta opp i 2011, og det har vore rundt 12-14 elevar med kvar gong. I 2012 utvidar vi med undervisning i torader, og med samarbeid om dans. Kurset er både for dei som er elevar i kulturskulen og for andre som driv med musikk.

Samlingane er på Valdres folkemuseum den fyrste tysdagen i kvar månad kl. 16-18.30:

10. januar
7. februar
6. mars
3. april
8. mai
5. juni

Det kan bli ei ekstra øving før Landskappleiken/ Landsfestivalen dersom gruppene bestemmer seg for å delta der.

Instruktørar er:
Fele: Jan Beitohaugen Granli
Langeleik: Gyda Grøndalen Hoffman, Ingvild Lie m.fl.
Torader: Tom Kjetil Tørstad / Ole Kristian Fredriksen

Ung i Valdres
Frå kl. 17.30-18.30 samarbeider vi med Ung i Valdres som legg danseøvingar hit. Då vil instrumentgruppene byte på å spela til dans. Instruktør for dansen er Stian Roland m.fl.

Frikar:
Frå kl. 18.30 har Frikar øvingar i lausdans. Aldersgruppe cirka 13-20 år. Instruktørar er mellom anna Hallgrim Hansegård og andre frå Frikar, ved sida av nokre eldre, avdanka hallingdansarar når frikarane ikkje kan. Frikar har forresten øving same plass kvar tysdag.

Det blir servert frukt og pølsemiddag for ungdommane. Prisen for eit halvår på spelkurs er kr 300,- som dekker undervisning og mat.

Helgesamling
Helga 11.-12. februar er det overnattingstur til Brennabu leirskule på Vaset, med speling på dagtid og sosialt samvær om kvelden. Hit kjem det også ungdom frå Hallingdal. Meir informasjon om dette kjem snart.

Meir info:
Frode Rolandsgard / 91197407
Oddrun Hegge / 97176868