Om Ministrunken

Ministrunken er eit kurstilbod til ungar i frå 6 til 11år, som arrangerast i same veka som Strunkeveko. Det er eit dagtilbod som strekkjer seg over to dagar, og går føre seg på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Her blir det gjeve undervisning i song, dans, hardingfele/fele, langeleik og toradar/trekkspel.

 Ministrunken starta som eit prøveprosjekt i 2008. Ein såg ein interesse for eit kurstilbod til dei som enno ikkje er gamle nok til å vere med på sjølve Strunkeveko. Dette har vore svært vellukka.

I 2011 arrangerast Ministrunken 26.-27.juli frå 10-15. Undervisninga går føre seg i dei små stuene på Valdres Folkemuseum, i tillegg blir det leik og moro ute i museumsområdet. Valdres folkemuseum har eit nydeleg uteområde og kan by på opplevingar for både små og store. Her er det også enkelt for dei vaksne å få tida til å gå medan ungane er på Ministrunken.

I tillegg til undervisninga blir det også to konsertar desse dagane. På tysdagen har me ein konsert med profesjonelle aktørar, og på onsdagen er det Ministrunkane sjølve som held konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei sjølve har lært desse dagane. Dette er ein publikumsvinnar!

 

Å vere med på Ministrunken kostar 600kr for begge dagane. Dette inkluderer mat, instruksjon og konsertar.

 

Ministruken har plass til omlag 45 elevar, så her er det fyrste mann til mølla...

 

Påmeldingsfrist 1.juli.

 

 

Kurs og lærarar 2011

Fele/hardingfele
Jonas Jonassen Hoksnes
Song
Ingvild Lie
Langeleik
Margit Myhr
Toradar/trekkspel
Ole Kristian Fredriksen
Dans med vekt på halling
Anders Aasberg

 

 

Timeplan 2011

Tirsdag 26.juli

10.00 - 10.30: Fruktsamling / Felles dans

10.30 - 12.00: Instruksjon i dei uike husa

12.00 - 12.30: Mat / Frileik

12.30 - 13.00: Organisert leik/aktivitet

13.00 - 14.15: Instruksjon i dei ulike husa

14.30 - 15.00: Barnekonsert med Rannveig Djønne, Lajla Renate Buer Storli og Torkjell Lunde Børsheim.

 

Onsdag 27.juli

10.00 - 10.30: Fruktsamling / Felles dans

10.30 - 12.00: Instruksjon i dei uike husa

12.00 - 12.30: Mat / Frileik

12.30 - 13.00: Organisert leik/aktivitet

13.00 - 14.15: Instruksjon i dei ulike husa

14.30 - 15.00: Konsert med Ministrukarane!